Rydda opp på Hæggstad gard

Godt oppmøte på vårdugnad

Etter to dagar med dugnad er galleriet på Hellesylt klart til å huse verdsarvutstillinga.

Oppfrisking: Rolf Matvik gir skiltet på baksida av Peer Gynt Galleriet eit nytt strøk måling.  Foto: Stine Bjørdal

Dugnad: Vårreingjering på Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.  Foto: Stine Bjørdal

Varde: F.v. Arne Ringdal og Amund Lien har bygd varde for å skjule leidningar og anna.  Foto: Stine Bjørdal

Matpause: F.v. Merete Rønneberg, Rolf Matvik, Amund Lien og Arne Ringdal.  Foto: Stine Bjørdal

Nyhende

Den 13. mai opnar verdsarvutstillinga «Med naturen som inspirasjon» på Peer Gynt-galleriet på Hellesylt. Onsdag og torsdag i førre veke var sunnylvingane med og bidrog til at både galleri og uteområde er fint til opninga.

God hjelp frå lokale

– Vi såg at det var ein del som burde verte gjort, og sjefen bestemte seg for å be inn til dugnad, seier Merete Løvoll Rønneberg frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Rønneberg var med på dugnaden saman med to andre frå stiftinga.

– Vi utgjer eit mindretal av dei som er med, konstaterer Rønneberg nøgd.

Ein del av målet var å få med lokalbefolkninga på arbeidet, og dei stilte. Då Sunnmøringen tok turen innom torsdag ettermiddag hadde om lag 20 lokale vore innom og bidrege.

– Nokre har vore her ei stund, andre har vore med begge dagane, seier Rønneberg.

Nytt trerelieff

Lista over ting å gjere dei to dagane var lang. Rydding, vasking, raking, måling og skifting av lyspærer var berre nokre av oppgåvene.

– Vi har fått gjort veldig mykje. Vaska ned nesten heile huset, og gjort mykje ute. Når vi får vaska vindauge no trur eg vi er gjennom lista, seier Rønneberg.

I tillegg til vedlikehaldsarbeidet vart Oddvin Parr sitt verk «Yggdrasil» flytta ned til galleriet. Relieffet er eit nytt tilskot til dei elleve andre verka til Parr som allereie prydar veggane.

– Håper på full drift

– Det er positivt at dei kjem i gang att her. Vi håper det vert full drift, seier Arne Ringdal, ein av dei lokale som hadde stilt opp.

– Vi ønskjer all utvikling velkommen til bygda, seier han.

– Det må gjerast ein salsjobb for å få det til å gå rundt her. Potensialet er der med cruiseskipa, bussane og dei andre turistane. Folk har god tid til å gå innom her i intervallane mellom ferjene, seier Rønneberg.

- Bruk galleriet

Rønneberg har ei oppmoding til sunnylvingane.

– No må dykk bruke galleriet og kjenne at det er deira eige.

– Det er difor det er bra med dugnad. Folk får litt eigarskap, framfor at det kjem nokon utanfrå og gjer ting.