Verdsarvkommunar fryktar cruise-flukt

Ein del av cruisetrafikken kan forsvinne til nabofjordane viss utsleppskrava for skip blir strengare i verdsarvfjordane enn andre stader, fryktar ordførarane i Aurland og Standa.  Foto: Kirsten Offerdal / NPK

Stortingsvedtaket:

"Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026."

Nyhende

Miljøorganisasjonar og verftsindustri jublar over vedtaket om nullutslepp frå ferje- og cruisetrafikken i verdsarvfjordane innan 2026. Men i verdsarvområdet uroar dei seg over faren for å miste trafikk til nabofjordar med mindre strenge miljøkrav.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda fryktar at cruisetrafikken i Geirangerfjorden får lide om det blir innført krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane, men mildare krav i andre fjordar på Vestlandet.

– Vi er redde det kan få ein uheldig konkurransevridande effekt, og at cruiseskipa vel hamner i nærleiken av verdsarvfjordane og fraktar turistane inn med bussar. Da er miljøgevinsten borte og fokuset flytta frå cruisebåtane til bussane, seier Jan Ove Tryggestad til Nynorsk pressekontor.

– Vi ber innstendig politikarane om å sjå heilskapen i dette. Vi er for eit grønt skifte og ikkje minst ny teknologi, men vi må sjå det i samanheng.

Nullutslepp innan 2026

Det var i samband med behandlinga av klimameldinga torsdag at Stortinget samrøystes vedtok å be regjeringa om å "innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026".

– Vi er veldig klare på at det er nødvendig å innføre restriksjonar, men vi er òg veldig klare på at restriksjonane må gjelde for heile vestlandskysten og ikkje berre i verdsarvfjordane. Om den grøne tenkinga skal få fullt gjennomslag, så må dette regimet innførast på alle cruisedestinasjonar, seier Tryggestad.

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland deler bekymringa for at særreglar kan komme til å skremme vekk ein del av cruisetrafikken i verdsarvfjordane.

– Vi er veldig positive til strengare krav og mindre utslepp, men det er viktig for oss at krava skal gjelde nasjonalt, slik at dei ikkje verkar konkurransevridande. Vi har heile vegen sagt at tiltaka bør vere nasjonale. Det er da du får reell effekt og unngår at somme område taper trafikk, seier Distad.

Vanskeleg for cruiseskipa

Aurland-ordføraren tviler dessutan på at målet om heilt utsleppsfrie cruiseskip innan 2026 er mogleg å nå.

– Det er flott at Stortinget har miljøambisjonar, men vi er redde for at kravet om nullutslepp frå 2026 ikkje er realistisk for cruiseskipa, at dei ikkje klarer det innan den tid, seier han.

– Det er dei praktiske tiltaka som er viktige. Det må vere tiltak som reduserer utslepp frå skip, meir reinsing, mindre utslepp og ny teknologi. Og så gjeld det å få forsert dette med landstraum. Alt innan 2026 kan vi ha på plass mange tiltak som inneber forbetringar, og det er vi veldig positive til, seier Distad.

Utgreiing frå Sjøfartsdirektoratet

Både Distad og Tryggestad ser no fram til utgreiinga om miljøtiltak i verdsarvfjordane som Sjøfartsdirektoratet skal leggje fram før sommaren. Blant tiltaka som direktoratet har til vurdering, er krav til lågare utslepp av nitrogenoksid (NOx), lågare svovelinnhald i drivstoff og forbod mot utslepp av kloakk. Dessutan kan det vere aktuelt å innføre fartsgrenser.

– Det blir ein viktig prosess, og da trur eg òg vi får avklart meir om kva som er realistiske tidsfristar og mykje anna, seier Distad.

Tryggestad er òg spent på konklusjonane i utgreiinga og ventar klare og tydelege krav frå direktoratet.

– Det står att ein betydeleg politisk jobb framover, men med vedtaket i Stortinget har vi nådd ein milepæl, og no gjeld det at vi går heile vegen, seier Tryggestad.

(©NPK)