Telefonsvindlarar på ferde:

– Ikkje ring opp igjen

Fleire nordmenn har i helga blitt ringt opp av telefonsvindlarar. Ikkje ring dei tilbake, er rådet frå Telenor. Svindlarane ønskjer nemleg å tene pengar på teljarskritt. Illustrasjonsfoto.  Foto: Frank May / NTB scanpix

Nyhende

Svindlarar har i helga ringt opp fleire nordmenn frå eit telefonnummer som startar på + 88216. Ikkje ring opp nummeret igjen, er rådet frå Telenor.

Svindlarane ønskjer nemleg at personar skal ringe dei tilbake slik at dei kan tene pengar på teljarskritta, ifølgje sikkerheitsrådgivar Thomas Kopperud i Telenor Norge.

Ifølgje Kopperud dreier dette seg om internasjonale aktørar som opprettar teletorgnummer og prøver å få flest mogleg til å ringe dei opp att.

– Vi kan anslå at det er fleire titals tusen oppringingar som har komme frå +88216 til nordmenn i helga, seier Kopperud.

Han fortel at dette er den andre bølgja med oppringingar frå denne nummerserien.

– Førre bølgje var i mars, og då enda vi også opp med å sperre moglegheita for fleire tusen nummerkombinasjonar, seier Kopperud.

(©NPK)