Ny handsaming av namnesaka i Sunnylven

Sterkt ønske om å behalde g'en

Spørsmålet om g eller ikkje g i namnesaka frå 1997 kan sjå ut til å gå mot ei avklaring.

skilt-Bestilling: Vegvesenet tinga desse tre skilta den 12. januar i år. Foto: Statens vegvesen  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Spørsmålet om gardsnamnet i Sunnylven har vore eit langt lerret å bleike. Saka skal opp i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) tysdag.

Det vart i 1997 vedteke at gardsmnamnet på gardsnummer 90 i Sunnylven skulle skrivast Rindalen i offentleg samanheng. I samband med å namngje vegar i Sunnylven i 2008/2009 er det framleis to vegar som ikkje har godkjende namnevedtak. Dei to vegane er Rin(g)dalsvegen og Rin(g)dalsåsane.

HOK vedtok i 2009 å skrive namna med g, noko Statens kartverk har klaga over. Etter deira oppfatting, må vegnamna skrivast utan g, som vedtaket i primærnamet (gardsnamnet) Rindalen frå vedtaket i 1997.

HOK stadfesta i november 2014 at dei aktuelle vegane skulle skrivast med g. Vegane hadde som ei følge av dette vedtaket ikkje eit offisielt godteke namn, noko som førte til at husnummer ikkje vart tildelt. Dette skapte igjen vanskar for utrykkingskøyretøy, postombæring, drosjer med vidare.

I tilsvaret frå Språkrådet/Stadnamntenesta på Vestlandet såg dei det som aktuelt å be Kartverket om å ta opp igjen primærnamnesaka frå 1997, om HOK sto fast ved vedtaket om å skrive vegnamna med g.

I 2016 gjorde HOK igjen vedtak i saka, denne gongen om å skrive vegnamna utan g - mellombels. Samtidig vedtok dei å søke Statens Kartverk om å ta opp igjen primærnamnesaka frå 1997.

Samtidig har lova blitt endra, slik at ein no skil mellom gardsnamn og bruksnamn - medan det før 2005 kun var tale om bruksnamn.

Sidan saka i 1997 kun omhandla det som vart kalla bruksnamn, og dermed formelt gjeld eitt av bruksnummera (av totalt fire) meiner Statens Kartverk at det no er rett å gjenreise namnesaka for å fjerne all tvil omkring omfanget av vedtaket.

Saka vart sendt ut på høyring den 13. mars, med to månader høyringsfrist. Grunneigarar har vorte tilskrivne direkte, og det er komne tre høyringssvar innan tidsfristen.

Samtlege av høyringssvara tilrår sterkt at gardsnamnet skal skrivast med g, og grunneigarane peiker på at det heilt frå 1700-talet har vore Ringdalen som har vore skrivemåte på garden.

Kommunen, eigarar og festarar har hatt rett til å uttale seg om skrivemåten i namnesaka, og Stadsnamntenesta på Vestlandet vil gi ei endeleg tilråding til vedtaksorganet som er Statens Kartverk.