Ifølgje langtidsvarselet:

Tørr 17. mai over heile Noreg

I år treng ingen å ta med seg paraply når dei skal feire nasjonaldagen – i alle fall ikkje ifølgje langtidsvarselet. Heile landet får ein tørr 17. mai, trur meteorologane ni dagar før den store dagen.

Det blir førebels meldt om godvêr over heile landet på nasjonaldagen. Reporter Dennis Vareide, radioprogramleiar Pål Plassen, radioprogramleiar Hege Holm, TV-programleiar Haddy N'jie og kommentator Noman Mubashir skal gi TV-sjåarar og radiolyttarar inntrykk frå heile landet på NRK 17. mai.   Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Nyhende

I Sør-Noreg vil temperaturane krype opp mot 20 grader, og det blir truleg sol, men ikkje skyfritt på grunnlovsdagen.

Delvis skya opphaldsvêr og 17 grader. Slik blir 17. mai-vêret i hovudstaden om langtidsvarselet frå Meteorologisk institutt slår til.

Sjølv ikkje i Bergen skal det regne på nasjonaldagen, men maksimumstemperaturen blir ikkje meir enn 11 grader, skal vi tru vêrmeldarane.

På Sørlandet vil temperaturane variere mellom 9 og 15 grader, men det vil vere sol og delvis skya.

Vêret i Midt-Noreg blir også pent, og i Trondheim vil temperaturane liggje på mellom 9 og 14 grader, og det blir sol, men også noko skyer.

Nord-Noreg kjem dårlegast ut temperaturmessig. I Bodø kan det bli 10–11 grader, men sola vil likevel titte fram. I Lofoten og Vesterålen blir det eit par grader kaldare, men heller ikkje her skal det regne – slik varselet ser ut no. I Tromsø kan temperaturen klatre opp mot 12 grader, og det er ei viss moglegheit for at sola tittar fram på ettermiddagen.

Kaldast blir det i Alta med mellom 6 og 9 grader. Her blir det truleg overskya heile dagen, men meteorologane er ganske sikre på at det ikkje blir regn her heller.

(©NPK)