Delte erfaringar på nasjonalt lærarseminar

Kreditering: Herman Lersveen/Stranda vgs.

Nyhende

I forkant av Noregsmeisterskapen for ungdomsbedrifter, vart entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde spurt om han kunne tenke seg å halde foredrag om Stranda vidaregåande skule sine metodar for å drive ungdomsbedrifter.

Han takka ja, og heldt eit innlegg under Nasjonalt lærarseminar, ein konferanse som gjekk parallelt med NM i Norges Varemesse.

Føredraget vart dekt av den lokale filmfotografen Herman Lersveen, som var med på turen til Lillestrøm for å filme Lokalmat UB, fortel Hjellegjerde.

Du kan sjå presentasjonen øvst i saka. I videoen fortel Hjellegjerde litt om sin eigen bakgrunn og om korleis han, som eigentleg var gründer sjølv, enda opp som lærar ved Stranda vgs. Han fortel også om reisa dei har vore på med dei ulike ungdomsbedriftene frå 2012 og fram til i dag.


NM for ungdomsbedrifter

Sterk innsats frå Lokalmat UB

Ungdomsbedrifta Lokalmat UB fekk mange godord frå juryen under NM for ungdomsbedrifter.



Vel gjennomført scenepresentasjon for Lokalmat UB:

Sjå video frå noregsmeisterskapen