Trollstigen opner i dag

Fylkesveg 63 over Trollstigen opnar i dag fredag klokka 1400.

FV63 over Trollstigen er klar for sommarsesongen.  Foto: Statens Vegvesen

Nyhende

Med opninga over Trollstigen blir det no langt lettare å kome seg til Åndalsnes for strandarar.

Byggeleiar Kaj-Andre Døving i Statens Vegvesen fortel at det no er trygt å opne Trollstigen etter vinterstenginga.

- Isen vi har venta på, kom ned i dag. Det er no trygt å opne Trollstigen for sommarsesongen, fortel han.