Måndag og tysdag

Tunnelarbeid og beredskapsøving

Ljøtunnelen.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Måndag blir det manuell dirigering i Streketunnelen og Ljøtunnelen på Fv. 60 mellom Sunnylven og Blindheim. Dette melder Statens vegvesen.

Årsaka er vedlikehaldsarbeid i tunnelane. Arbeidet går føre seg mellom klokka 09.00 og 16.00.

Tysdag stenger Ljøtunnelen i tidsrommet 18.00 til 20.00 grunna beredskapsøving.

Vegvesenet opplyser at omkøyring vert skilta.