Lansering på paviljongen

Stranda utvalt som Noregs Arvesølv

Laurdag kveld vart dei nye akevittflaskene med strandamotiv presentert på Strandafjellet.
Nyhende

I overkant av femti menneske møtte fram til lanseringa.

Kvart år lagar Det norske Brenneri ei sommarutgåve med akevitt kalla Arvesølvet. I år er utsikta frå Strandafjellet ned mot bygdebyen valt som eit av tre motiv som pryder flaskene.

– Noko å vere stolte over

– Dette er stort, noko å vere stolte over. At dei vel ein plass som Stranda er ei ære. Det er ikkje kven som helst som får bilete på flaskene, seier Anders Adolfsson, kjøkkensjef på Stranda hotell og akevittentusiast.

– Det er utruleg flott å stå der oppe og sjå ut, seier Adolfsson og peiker mot fjellet.

Han fortel om ein flott seremoni og god stemning laurdag kveld.

– Oscar Almgren frå Uteguiden kom på ski ned Roalden og overrekte flaske nummer 1042.

Opplaget er på totalt 1500 nummererte flasker. 1042 er same tal som paviljongen på Roalden ligg i høgdemeter over havet.

Lokal fotograf

Biletet som er valt er teke av Raw Reklame og Foto, som held til i sentrum av Stranda tettstad.

Både mat og underhaldning gjennom kvelden kom òg frå nærområda.

– Tanken er jo at vi bygger kvarandre sterkare med å samarbeide, seier Adolfsson.

Dei frammøtte fekk mellom anna smake på det Adlofsson ser på som Stranda sitt eige arvesølv, spekemat, laks og aure. Dei fekk kønnøl laga på tradisjonsmåten og servert i bollar frå Stein Eldar Langlo, sjokolade frå Geiranger og is frå Storfjord. Underhaldninga stod Sigurd Drege og Vidar Skogly for.

Flaskene med strandamotiv kjem i sal i Stranda denne veka.