Slik rammar NRK-streiken:

Ingen nyheiter på NRK TV og berre korte oppdateringar på radio

Dagsrevyen, sportssendingar, P3 Morgen og Norgesglasset er døme på program som går ut når NJ-journalistane i NRK streikar.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ber om orsaking for at NRK vil levera eit sterkt avgrensa tilbod så lenge dei NJ-organiserte journalistane streikar.   Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Nyhende

Den fleire timar lange direktesendinga frå det langstrekte landet på nasjonaldagen blir ikkje slik sjåarane er vande til, men NRK-leiinga arbeidde tysdag ettermiddag med å kartleggja moglegheitene for å unngå svarte skjermar 17. mai.

Det meste av tilbodet til NRK innan nyheiter, aktualitet, sport, drama og sendingar for barn blir eller vil bli ramma av streiken blant dei 1.700 journalistane i NRK som er organisert i Norsk Journalistlag (NJ).

Nyheiter og aktualitet

Kort samanfatta er dette nokre av konsekvensane for sjåarane, lyttarane og lesarane:

* Dagsrevyen og alle andre aktualitetsprogram frå nyheitsredaksjonen går ut.

* Dagsnytt-sendingane vil koma i form av heilt korte oppdateringar basert på byråstoff og lese opp av nokon frå leiinga.

* Alle andre aktualitetsprogram på radio – som til dømes Her og Nå, Norgesglasset, Dagsnytt 18 og P3 Morgen, går ut.

* Sportssendingar går ut.

* NRK.no vil berre – og i avgrensa grad – bli oppdatert med nyheiter frå dei byråa som NRK har avtale med.

Ferdig produsert og reprisar

Fungerande mediedirektør Marius Lillelien i NRK seier til NTB at alle program som allereie er ferdig produsert og sette opp på sendeplanen, vil gå som planlagt. I tillegg vil det bli sendt arkivprogram på TV.

Radiokanalane til NRK vil stort sett berre senda musikk, med unnatak av sendingar som blir produserte av journalistar og andre medarbeidarar som ikkje er organiserte i NJ.

– Eg ber om orsaking for at NRK ikkje kjem til å levera slik publikum ventar dei neste dagane, seier kringkastingssjef Thor-Gjermund Eriksen.

Under ein pressekonferanse i NRK-bygget tysdag ettermiddag la han til at NRK har avtale med fem av seks foreiningar som organiserer dei tilsette i statskanalen – og sa at «dei som er på jobb er på jobb».

Starta i Dagsnytt

Streiken var eit faktum 30 sekund over klokka 13 tysdag. Det blei markert med at nyheitsopplesaren i Dagsnytt opplyste at ingen medlemmer av Norsk Journalistlag i NRK vil laga sendingar på radio, TV eller oppdatera NRK.no «så lenge streiken varer». Deretter blei det heilt stille.

Rett før Dagsnytt runda P1s Norgesglasset-programleiar Pål Plassen av sendinga si med orda «vi høres når vi høres».

Då sendeflata til Norgesglasset skulle ta over etter Dagsnytt og distriktsnyheiter, var det berre musikk avbrote av ei melding om streiken som strøymde ut av høgtalarane.

(©NPK)