NRK-streik blant 1.700 NJ-tilsette

Det blir streik i NRK.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyhende

1.700 medlemmer i Norsk Journalistlag i NRK er i streik frå klokka 13 tysdag.

Dette fører til at dei lokale sendingane på radio og TV frå NRK Møre og Romsdal går ut, melde statskanalen. Dei varslar også om at nyheitstilbodet på nett blir sterkt avgrensa medan streiken pågår.

Streiken vart eit faktum etter at meklinga mellom Norsk Journalistlag og NRK/Spekter ikkje førte fram.

– Det har ikkje vore reelle forhandlingar. Vi opplever at NRK ikkje har rikka seg ein tomme gjennom meklinga. NRK misbruker frontfagsmodellen, og brukar den som ei absolutt grense, i eit forsøk på å kneble dei frie forhandlingane, seier Richard Aune, leiar i Norsk Journalistlag i NRK, etter intense forsøk på å finne løysingar hos Riksmeklaren.

– Dette er eit forhandlingsklima vi ikkje kan godta. NRK sender dermed 1.700 journalistar ut i streik, legg Aune til.

– Lønnsforskjellane mellom oss og andre store mediehus må reduserast. Vi skal ikkje nå dei igjen på lønn, men synest ikkje vi bør tene 110.000 kroner mindre. Det har vi ikkje blitt møtt på, seier han til NTB.

– Når 1.700 produsentar, journalistar etc. går ut i streik, så stoppar produksjonen i NRK. Vi legg til grunn at NRK held seg til spelereglane i arbeidslivet, og då får det konsekvensar, seier han.

NJs val om å streike kjem etter det forhandlingsleiar Aune beskriv som store avstandar mellom partane. NJ oppgir at dei ikkje fekk gjennom sine krav om likebehandling av tilkallingsvikarar og at arbeidsgivar tar ansvar for oppdatering av kompetanse av NRK-tilsette.

Det vart oppnådd semje mellom Spekter og LO stat. Dermed blir ikkje dei 614 LO-medlemmene tatt ut i streik.