ÅRIM:

Lovar betre varslingssystem ved ruteendringar

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

ÅRIM fekk ikkje henta restavfallet for abonnentar i sone 2 (Engeset til Stranda sentrum, alle hus nord for Storelva. Sør for Storelva; Opshaugvika, Helsemvika) i dag, onsdag.

I staden vart avfallet henta i går, noko det berre vart varsla om på heimesida til miljøselskapet. Dermed var det ikkje alle som fekk beskjed om ruteendringa.

– Då vi såg korleis ruta var lagt opp for eit par dagar sidan, skjønte vi at vi ikkje hadde nok bemanning til å nå rundt til både Geiranger og sone 2 på ein og same dag. Dermed måtte vi ta noko på tysdag, seier kommunikasjonssjef Ingeborg Ukkelberg.

Ruteendringane kjem som følgje av nasjonaldagsfeiringa i morgon.

– Dei som ikkje har fått henta avfallet sitt kan setje fram ein svart sekk som vi hentar ved neste restavfallstømming, skriv ÅRIM i driftsmeldinga.

Planlegg SMS-varsling

Ukkelberg fortel at ÅRIM har tinga eit system der dei kan varsle abonnentar via tekstmelding. På denne måten kan dei nå fleire ved endringar i siste liten.

– Det er beklageleg at vi måtte endre innhentinga av restavfall på Stranda denne gongen. Heldigvis skjer dette svært sjeldan, seier ho, og presiserer at endringa for sone 2 denne veka ikkje har noko med den nye avfallsordninga å gjere.

ÅRIM veit førebels ikkje kva tid dei kjem i gang med SMS-varslinga, då dei ikkje har fått ein dato frå leverandøren enno.

Fleire endringar framover

På grunn av 17. mai vil ÅRIM hente papir- og plast i sone 2 på fredag denne veka, 18. mai.

I neste veke er det henting av matfall. Sidan det er pinse, og andre pinsedag på måndag, blir det endring i hentedatoen for alle rutene i kommunen. Du kan sjå oversikta i ÅRIM sin kalender for Stranda her.