Kommunestatistikken for 2018

Innvandrarar held folketalet stabilt

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune publiserte nyleg kommunestatistikken for 2018.

Den viser at folketalet i Stranda var 4 587 per 1. januar 2018. Dette er ein tilbakegang frå 2017 på 36 personar (-0,8 prosent).

Færre nyfødde

For å finne ut kva den årlege folketalsutviklinga er, ser ein både på fødselsoverskot (talet på fødde minus talet på døde) og nettoinnflytting.

I 2017 kom 37 barn til verda i Stranda kommune, og 48 personar gjekk bort. Dette gir eit fødselsunderskot på 11 personar.

Ser ein tilbake i statistikken frå 1986 og fram til i dag, var det fødselsoverskot i stort sett alle år fram til 2004. Unntaket var i 1991, då det var eit lite underskot. Sjå faktaboks for utviklinga dei siste 15 åra:


Fødselsoverskot 2002-2017

Fødselsoverskotet er talet på fødde eit år minus talet på døde same år, opplyser fylkeskommunen. Tal for Stranda kommune.

  • 2002: +17
  • 2003: +23
  • 2004: -2
  • 2005: -5
  • 2006: -1
  • 2007: +25
  • 2008: -4
  • 2009: -5
  • 2010: -10
  • 2011: +7
  • 2012: -8
  • 2013: +3
  • 2014: -14
  • 2015: 0
  • 2016: +7
  • 2017: -11
 

I løpet av desse 32 åra var den relative delen av fødde i forhold til folketalet på sitt høgste i 1999, med like over 1,6 %. I 2017 var dette talet 0,8 %.

Treng tilflytting og innvandrarar

– Fødselstala er låge både regionalt og nasjonalt, og det er svært få kommunar der fødselstala er høge nok til å oppretthalde befolkningsstorleiken utan tilflytting eller innvandring, opplyser fylkeskommunen.

Dermed er det innanlandsflytting og innvandring som vil avgjere om ein kommune opplever befolkningsvekst. Dette er også tilfelle for Stranda, der auken i talet på arbeidsinnvandrarar held folketalet relativt stabilt (sjå bilete øvst i saka).

Dei fleste innvandrarane til Stranda kjem frå Europa (613 i 2018), og frå Asia med Tyrkia (105). Landa med høgast innvandring er Litauen (231 i 2018) og Polen (171 i 2018). På dei neste plassane er Tyskland (36), Filippinane (30), Slovakia (25), Thailand (23), Syria (22) og Sverige (20). 

For fylket samla er den innanlandske nettoinnflyttinga negativ, med eit årleg flyttetap på rundt 1 000 personar sidan 2012. Talet på innvandrarar til fylket er lågare enn tidlegare, samstundes som talet på utvandrarar aukar.

Folketalsutvikling i krinsane

Det siste tiåret har folketalet i Stranda auka med 44 personar (+1 prosent). Av dei 36 kommunane i fylket kjem vi på 24.-plass i befolkningsutvikling i perioden, opplyser fylkeskommunen.

Innanfor kommunegrensene har det vore størst vekst i dei sentrumsnære områda. Sjå faktaboks:


Folketal per grunnkrins i Stranda kommune:

Folketal for 2018 frå kommunestatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune, som oppgir Statistisk sentralbyrå som sin kjelde.

  • Liabygda: 209 (Endring frå 2008: -35. Endring frå 2013: -16)
  • Ødegård/Langlo: 352 (2008: +15, 2013: -3)
  • Langlo: 428 (2008: -42, 2013: -38)
  • Storgjerde: 335 (2008: +7, 2013: -6)
  • Sløgstadmarka/Ringstad: 232 (2008: +39, 2013: +19)
  • Ringstad: 470 (2008: +59, 2013: +10)
  • Sløgstad: 657 (2008: +104, 2013: +84)
  • Kjølås: 287 (2008: -23, 2013: -6)
  • Hagen/Helsemfeltet: 323 (2008: -21, 2013: -11)
  • Bygda: 84 (2008: -1, 2013: +4)
  • Furset: 91 (2008: -23, 2013: -24)
  • Helstad: 246 (2008: -10, 2013: -2)
  • Fjørstad: 65 (2008: -4, 2013: -11)
  • Hellesylt: 271 (2008: -12, 2013: -8)
  • Tronstad: 145 (2008: +1, 2013: +5)
  • Hauge: 66 (2008: +3, 2013: -6)
  • Bjørdal/Frøysa: 90 (2008: -22, 2013: +4)
  • Geiranger: 230 (2008: +3, 2013: -15)
 

Unge/eldre og kvinnedel

Per 1. januar 2018 hadde kommunen 993 barn og unge under 20 år, noko som svarer til 21,6 prosent av befolkninga. Talet på personar 67 år og eldre var 927 (20,2%).

I Møre og Romsdal er delen barn og unge på 24,1 prosent, og delen eldre på 16,6 prosent.

I 2018 er det 85 kvinner i aldersgruppa 30 til 39 år per 100 menn i Stranda. I fylket er kvinnedelen i denne aldersgruppa 90,7.