Tek musikkfestival til Stranda

Musikkfestivalen Fjord Cadenza kjem til Stranda i år. Strandarane kan sjå fram til klassiske meisterverk i spektakulære omgjevnadar både i Geiranger og på Roaldspaviljongen i august.

Philippe Quint er blant artistane som opptrer under musikkfestivalen. Han er ein særs populær fiolinist, som har fleire Grammy-nominasjoner og sågar topp-plassering på Billboard si klassisk-liste sålangt. Han vil spele i Geiranger laurdag 18. august.  Foto: Arnold Hoddevik

Nyhende

– Dette har vi gledd oss til å presentere, seier Herdis Ous i arrangørkomitèen. Ho er sjølv strandar, no busett i Tyskland, og ser fram til å få musikkfestivalen til heimbygda.

Musikkfestivalen i Skodje

Fjord Cazenza er ein musikkfestival som i augst kvart år går føre seg i Skodje, men no òg altså i Stranda. Musikkfestivalen, kor klassisk musikk står i høgsetet, har heldt det gåande sidan 1992.

– Målet var å få trekt musikkfestivalen lenger inn i fjorden, og det har vi greidd med konsertane som no er planlagde i Stranda. Vi ønska òg å knyte konsertane til cruisetrafikken, det lukkast vi ikkje med i år men er noko vi jobbar med framover, seier Ous.

Ous fortel at òg andre konsertarenaer i Stranda kan vere aktuelle framover.

Laurdag den 18. august er første konsert i Geiranger, og då er det klassiske meisterverk som står på programmet.

– Det vil vere ein utekonsert i hotellhagen ved Hotel Union, og vi vil då presentere verk av både Grieg og Haydn mellom anna, seier Ous.

Solistar i Geiranger er Andrew Balio og Philippe Quint. Spesielt sistnemnde bør vere kjent blant elskarar av klassisk musikk – fiolinisten har gitt ut fleire kritikarroste innspelingar og har eit stort publikum over heile verda.

Om han tek med seg sin «Ruby»-fiolin frå 1708 laga av sjølvaste Antonio Stradivarius, er usikkert – men god musikk blir det utvilsamt uansett.

Brass-stemning på paviljongen

Søndag er blir det brasskonsert på Roaldspaviljongen, under leiing av Andrew Balio. Balio er ei stor stjerne på trompet i Nord-Amerika, og med seg har han musikarar frå Calgary-filharmonien i Kanada.

– Det blir ganske enkelt spektakulært med brass-ensemble og strykekvartett på Roaldspaviljongen. Ikkje berre får du nyte musikk i verdsklasse, men du får òg ei eineståande utsikt med på kjøpet, smiler Ous.

Ho er full av lovord om samarbeidet dei har hatt med skisenteret.

– Dei har lagt godt til rette for oss, og har vore veldig imøtekommande. Så dette gler vi oss til, seier Ous.