Finn ubehagelege spor etter turistar ved Flydalsjuvet

Vil ikkje ha camping her

Villcamping og forureining er til plage for dei som bur eller har hytte nær Flydalsjuvet i Geiranger. No lovar vegvesenet nye tiltak.

FLYDALSJUVET: Turistbussar frå inn- og utland fraktar kvar sommar tusenvis av turistar til Flydalsjuvet i Geiranger.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyhende

(Sunnmørsposten:)– Turistane finn ikkje fram til toaletta, og gjer frå seg i terrenget ved Flydalsjuvet. Det flyt med menneskeleg avføring og toalettpapir. På varme dagar er det så ille at eg ikkje kan bruke eigedomen min.