Yrkessjåførar:

Fryktar manglande DAB-dekning kan gå utover liv og helse

Fleire yrkessjåførar opplever dårleg DAB-dekning som ein risiko for tryggleiken.  Foto: Kari Hamre/NPK

Nyhende

I ei ny undersøking kjem det fram at åtte av ti yrkessjåførar opplever at radiodekninga er dårlegare no enn då FM-nettet var i bruk. Ein av fem sjåførar meiner òg at manglande DAB-dekning er ein risiko for tryggleiken.

– Vi var klar over at mange yrkessjåførar opplever DAB-dekninga som mangelfull. Men at så mange også har opplevd trafikkfarlege situasjonar som dei meiner kan kome av dab, var vi ikkje førebudde på, seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Geir A. Mo, til NRK.

Det er i ei landsomfattande undersøking blant medlemsbedriftene i lastebileigarforbundet at dei nye opplysningane kjem fram. Meir enn 500 har svart.

– Her er det noko som ikkje stemmer. Eg har reist over 50.000 kilometer for å teste dab-nettet – og det er gjort med heilt normalt utstyr. Eg trur ikkje antennene er montert riktig. Antenna bør vere ei piskantenne på ein lastebil, høgast mogleg på bilen, seier sjefen for radiodistrubisjon i NRK, Petter Hox, til statskanalen.

(©NPK)