Kontrollerte turistbussar i Geiranger

Bilete frå kontrollen i Geiranger tysdag 15. mai.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Tysdag 15. mai gjekk Statens vegvesen, Arbeidstilsynet, Skatteetaten, Tollvesenet og politiet saman om ein storkontroll ved kaia i Geiranger.

Dei stoppa og kontrollerte til saman 16 bussar. Fem av desse var frå utlandet.

Tidspunktet var ikkje tilfeldig, då dei fem etatane ønska å trene på samarbeidet seg i mellom før turistsesongen kom i gang for fullt. Dei varslar no fleire slike samarbeidskontrollar i tida framover.

– Den neste store busskontrollen med alle etatane vil skje snart, og vi forventar då at det blir fullt trykk med mange bussar og turistar, seier Kjell Johansen ved utekontrollseksjonen i Statens vegvesen.

Ønskjer tips

Ifølgje vegvesenet er det framleis ei stor auke i turisttrafikken i Noreg. Trafikktala gjekk opp med 30 prosent frå 2016 til 2017, og er forventa å gå opp med rundt 10 prosent i år.

Ein ser og ei auke i talet på utanlandske turistbussar, og utekontrollen opplyser at det vert avdekt ein god del brot på køyre- og kviletidsreglane.

– Vi tek i mot tips på krimtips@vegvesen.no og set veldig pris på at folk tipsar oss om useriøs og ulovleg verksemd, seier Frode Kvalstad i krimeininga i Vegdirektoratet.

Må kjøpe lovleg transport

Dei kan aksjonere utifrå tips, men og etteretning- og analysearbeid.

– I tillegg til å undersøke lovbrot hos den enkelte sjåfør og transportfirma, vil vi og sjå meir på transportkjøpar si plikt til å undersøke om transporten dei har gått til innkjøp av er lovleg. Er den ikkje det, vil vi eventuelt vurdere strafferettslege medverkaransvar, seier Kvalstad.

Når dei går inn med store ressursar, er dette og for å få bukt med svart økonomi og sosial dumping, seier Kvalstad.

Lovar fleire kontrollar

Stader som Geiranger, Trollstigen, Stryn og Olden har stort trafikkpress om sommaren, spesielt av turistbussar. Køyreforholda kan vere svært krevjande, med smale, svingete og bratte stigningar. Dette gjer at køyretøya må vere i teknisk god stand og ha gode bremser.

Vegvesenet lovar og fleire kontrollar:

– Nærværet vårt bidreg til å auke trafikktryggleiken, seier Johansen.