110-sentralen i Møre og Romsdal:

Totalforbod mot bruk av open eld i heile fylket

Bilete frå brannen på Remøya i Herøy kommune måndag. Lokale brannmannskap gjer det dei kan for å halde brannen i sjakk medan dei ventar på Sivilforsvar og helikopterhjelp.  Foto: Audun Håberg

Nyhende

Frå før var det innført totalforbod i fleire kommunar, blant anna i Norddal, men tysdag ettermiddag var det ikkje kome ei eigen melding for Stranda.

Men: I ei twittermelding kl. 14.33 melder 110-sentralen i Møre og Romsdal at det no er totalforbod mot bruk av open eld i alle kommunane i fylket.

Forbodet gjeld inntil vidare.

Reglane under totalforbod

Det er framleis lov å grille i eigen hage så lenge ein utviser aktsemd, opplyser sentralen.

Ved prekære hendingar kan brannvesenet legge ned forbod mot all eld, til og med i folk sine hagar. Skulle dette skje, vil dei i tilfelle sende ut ei eiga pressemelding.

Under totalforbodet er det ikkje lov å gjere følgjande:

  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.
  • Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleiken av skog og mark.
  • Det er ikkje lov å tenne bål eller grille i strandsonen.
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei plassane som vanlegvis er godkjente og tilrettelagde for dette.
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Avfallet kan i staden leverast til avfallsmottak.

Stor skogbrannfare

Totalforbodet kjem etter fleire gras- og lyngbrannar i Møre og Romsdal dei siste dagane. Skogbrannfaren er stor, og indeksen er aukande.

– Når det er så tørt som det er no, skal det svært lite til før det begynner å brenne, seier brannsjef Geir Thorsen i Ålesund.

Det finst eit generelt forbod mot å gjere opp bål i naturen frå 15. april til 15. september. Dette gjeld også bål og grilling i tilknyting til naturen. Fram til 15. september er det berre lov å gjere opp eld der det er openbert at dette ikkje kan føre til brann. Dette må likevel skje på eige ansvar og risiko, skriv 110-sentralen i ei pressemelding.