Kvinne omkom etter fallulykke i Sykkylven

Straumshornet avbilda frå Straume i Sykkylven. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Ei kvinne i 50-åra omkom av skadane ho pådrog seg då ho datt utfor i ulendt terreng under ein fjelltur ved Straumshornet i Sykkylven kommune tysdag.

Kvinna skal ha mista balansen og fall rundt 50 meter ned ei ur. Ho vart berga av luftambulanse og frakta til sjukehus. Like før midnatt bekrefta politiet at ho døydde på sjukehuset.

Det var turfølgjet hennar som varsla politiet klokka 18.51. Dei tok seg ned frå fjellet på eiga hand og vart følgt opp av krisehjelp då dei kom ned.

Pårørande er varsla.

(©NPK)