Fallulykka i Sykkylven:

Namnet på den omkomne er frigitt

Straumshornet avbilda frå Straume i Sykkylven. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Det var den 51 år gamle Janne Karin Wulff frå Ålesund som omkom etter ei fallulykke på Straumshornet i Sykkylven tysdag kveld.

Det melder politiet i Møre og Romsdal.

Dei opplyser at namnet på den omkomne vert frigitt etter at dei pårørande er varsla.