Færre startar bedrift i Stranda

Illustrasjonsfoto.  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune melder at etableringsiveren held seg stabil i fylket.

Ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) var det 2.185 nyetableringar i fylket i fjor. Dette er ein liten nedgang frå rekordåret 2016, då det vart starta 2.238 føretak. Talet for 2015 var 2.142.

– Vi såg at oljenedgangen og den høge arbeidsløysa fekk fleire til å starte eiga bedrift. No når arbeidsløysa går ned, er det gledeleg å sjå at etableringsiveren ikkje fell, men held seg på same nivå, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i fylkeskommunen.

Statistikken frå SSB gjeld nyetableringar, unntatt primærnæringar og eigarskifte.

Nedgang lokalt

I Stranda kommune vart det etablert 27 nye bedrifter i fjor, mot 41 i 2016 og 39 i 2015.

Både i Norddal og Stordal var det 5 nyetableringar i 2017. I Norddal var talet på nye føretak 21 i 2016 og 15 i 2015. I Stordal vart det etablert 12 føretak i 2016 og 9 i 2015.

I Sykkylven kommune er 2017-talet det same som i 2015: 48. I 2016 var talet på nyetableringar 51.

Lengre levetid

Blant kommunane i Møre og Romsdal er det særleg Ørsta, Volda, Giske, Molde, Rauma, Sunndal, Smøla, Nesset som har hatt ei god auke frå året før, melder fylkeskommunen.

På landsbasis peikar pilene framleis oppover når det kjem til nyetableringar. Tala for Noreg er som følgjer: 57 866 (2015), 60 474 (2016), 62 028 (2017).

I landet skil Møre og Romsdal fylke seg ut ved at bedriftene har jamt over lengre levetid enn landssnittet, opplyser fylkeskommunen.