Mange forventningsfulle før laksefisket

Mange tusen fiskarar har dei siste dagane klargjort stenger, sneller, sluk og fluger. Natt til fredag startar nemleg laksesesongen landet over.

Ein laksefiskar prøver lukka på Kallebergøya i Numedalslågen.  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Nyhende

– For tida er det er mange som ringjer og vil ha informasjon om laksefisket. Dei lurer også på kva vi trur om sesongen, fortel generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver, som gjennom medlemslaga representerer om lag 7.000 fiskerettshavarar.

Det er rundt 100.000 laksefiskarar i Noreg, og det er mange hundre elver det går an å fiske i. Nokre elver er store floder, som Namsen, Tana og Vefsna, mens andre er små og fullstendig avhengige av regnvêr og flaum for at fisken skal komme opp frå havet.

Lokalt opnar ikkje elva for laksefiske før 15. juni, opplyser Ole Jørgen Sve i Stranda Elveeigarlag på Facebooksida «Laksefiske i Strandaelva». Lokale reglar og fiskekort er tilgjengeleg på denne sida.

Evensen seier at han generelt er forsiktig med å spå utfallet av laksesesongar.

– Dei siste åra har det vore mellom 120.000 og 130.000 laks som har bite på kroken dei tre sommarmånadane sesongen varer, og vi forventar vel det same i år og, seier han i ei pressemelding.

Mange faktorar

Det er likevel mange faktorar som spelar inn på fisket. Ikkje minst vêr og vind. Vårflaumen er allereie eit unnagjort stadium i mange elver sørpå, og det er nesten sommarvassføring og sommartemperaturar mange stader.

– Det skal bli spennande å sjå kva dette betyr, seier Evensen.

Eit fåtal elver har allereie starta sesongen, og meldingane frå desse er som forventa. Om lag 25 prosent av fisken blir sett tilbake fordi ein ønsker å bevare verdifull fisk.

Evensen seier det ofte går lang tid mellom napp i starten, men at ein tidleg i sesongen ofte også har sjansen for å få ein skikkeleg rugg.

– Så det er mange som prøver seg tidleg. Det store innsiget av laks kjem nærmare St. Hans, og siste veka av juni pleier å vere ei favorittveke sør og vestpå. Lenger nord er det gjerne seinare, forklarer Evensen.

Ulik organisering

Norske Lakseelver opplyser at det er veldig forskjellig korleis fisket er organisert frå elv til elv. Mens nokon sel alle fiskekorta digitalt, har andre elver ein tradisjon for at sportsfiskarane leiger seg inn hos ein grunneigar og fiskar på eigedomen til garden.

– Laksefiske er verken spesielt vanskeleg tilgjengeleg eller dyrt. Det finst tilbod i alle prisklassar og kvalitetar, men på dei mest populære strekkene i elvene, lønner det seg nok å planleggje i god tid, råder Evensen.

Villaksen blir utfordra

Villaksen er utsett for mange utfordringar. Dei største kjem frå oppdrettslaks og vasskraft. Rømt oppdrettsfisk endrar villaksens fintilpassa genetikk, og lakselus frå oppdrettsindustrien tar livet av om lag 50.000 villaksungar kvart år. I tillegg øydelegg vasskraft oppvekstområda i mange elver.

Sportsfiske er likevel ikkje noko problem lenger, ifølgje interesseorganisasjonen.

– Trass i kva ein del trur, er ikkje sportsfiske noko trussel mot bestanden så lenge den lokale forvaltinga gjer jobben sin. Elvene blir overvaka og om det viser seg å komme mindre fisk enn normalt, kan fisket stoppas. Målet er at det skal stå nok gytefisk igjen til å fullrekruttere elva etter at fiskesesongen er ferdig, seier Evensen.

(©NPK)