Faktisk.no:

Amedia og Polaris går inn som eigarar

Amedia og Polaris Media går inn på eigarsida i faktasjekktenesten Faktisk.no. 

– Vi er imponert over den viktige rolla som Faktisk.no har fått på kort tid, og vi ser fram til å bli ein del av den vidare utviklinga, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media. Arkivfoto.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Det er Faktisk.no som i ei pressemelding melder at eigargrunnlaget no blir utvida.

Faktisk.no blei oppretta som ein sjølvstendig redaksjon 5. juli 2017, då med NRK, VG, Dagbladet og TV 2 som eigarar. Hovudformålet er å faktasjekke det offentlege ordskiftet, drive kjeldekritikk og kontrollere opplysningar som dukkar opp i norske medium.

Med Amedia og Polaris inn på eigarsida, samarbeider no alle dei store mediehusa i Noreg om faktasjekktenesten Faktisk.no.

– Norsk mediebransje bør samarbeide der det er mogleg og konkurrere der det er riktig. Det breie faktisk.no-samarbeidet indikerer at vi greier det første, seier konserndirektør Anders Opdahl i Amedia.

Utanom driftsstøtte frå eigarane, har Faktisk.no fått stønad frå Fritt Ord, Dagbladets stiftelse, stiftelsen Tinius og Facebook. I tillegg samarbeider Faktisk.no med NTB og Retriever om distribusjon og databasetilgang.

(©NPK)