Knusktørt terreng

- Fyll gjødselvogna med vatn

Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, oppmodar bøndene i fylket til å fylle gjødselvogna med vatn som eit beredskapstiltak.

Tørt og varmt vèr dei siste vekene har gjort terrenget knusktørt, og skogbrannfaren er stor i heile sør-Noreg. I Møre og Romsdal er det no totalforbod mot å gjere opp eld utandørs, dette gjeld òg for Stranda kommune.  Foto: Audun Håberg

Nyhende

Oppmodinga kjem i ei pressemelding frå Bondelaget.

Varmt og tørt vèr dei siste vekene gjer at skog og mark er knusktørr, og omtrent dagleg har det vore små og store brannar i terrenget i Møre og Romsdal.

Mikkelsen seier at det tek tid å fylle opp gjødselvogna med vatn, så det er ein viktig del av beredskapen at vogna er fylt opp før det eventuelt skjer ei hending. Gjødselvogna er flyttbar, og kan fraktast dit det brenn. Den kan òg fyllast med vatn frå tjern eller bekkar om ein treng det.

- Det ville vore kjempeflott om alle bønder som har moglegheit til det hadde vatn ståande på vogna. Det ville gjort mykje for brannberedskapen. Om det skulle ta av med ein storbrann, treng ein at folk stiller. Og då kan minuttene ein brukar på å fylle vogna vere avgjerande, seier han.

Han fortel om mange døme frå heile landet på at gjødselvogner fylt med vatn har vore svært viktige ved brann. Hus har vorte berga og ein har unngått storbrannar med vatn frå vognene. Bøndene er ofte veldig nær der ting skjer, og er viktige i ein tidleg fase.

- Vi har bønder i alle bygder, og i i heile fylket. I mange tilfelle vil dei vere dei næraste til å hjelpe om det skulle byrje å brenne. Det viktigaste for oss er å vere klare om noko skulle skje, seier Oddvar Mikkelsen.