Bønder rasar mot grillforbod

Det er innført totalforbod mot grilling fleire stader i landet som følgje av det varme vêret. Bønder reagerer og fryktar svikt i salet av grillmat, melder avisa Nationen.

Forbod mot grilling gir sviktande sal av svinekjøt, fryktar bøndene. Illustrasjonsbilete.   Foto: Kari Hamre/NPK

Nyhende

Forbodet gjeld også i private hagar og på terrassar.

– Dette er heilt tullete. Eg kan forstå det om du bur inntil ein skog, men dei fleste gjer ikkje det. Viss ein tek nokre forholdsreglar, og har hageslangen eller anna sløkkeutstyr i nærleiken, så bør det ikkje vere brannfarleg å grille i det heile, seier Sem Garborg til avisa. Garborg er svinebonde og leiar for Time svineavlslag på Jæren.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) veit ikkje kor mange kommunar som har innført totalforbod, men ifølgje Nationen gjeld det minst tretten kommunar i Rogaland og fire i Hordaland.

– Eg fryktar grillforbodet vil gå ut over salet av svinekjøtt. Det er grillsesongen vi set vår lit til når det er overproduksjon, seier Garborg.

(©NPK)