Bondelaget støttar forbod mot grilling

Kjøttprodusentar får ikkje støtte frå Bondelaget i motstanden mot grillforbodet.

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Det tørre vêret den siste tida har ført til ekstrem skogbrannfare. Minst 17 kommunar i Hordaland og Rogaland har lagt ned totalforbod mot grilling. Forbodet gjeld også i private hagar og på terrassar, skriv Nationen.

Svinebønder og lokallagsleiarar i Bondelaget meiner brannvesenet overreagerer. Dei kalla forbodet for tullete. Forbodet får derimot støtte av leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

– Det er fullt mogleg å forstå kjøttprodusentane, som etter fleire dårlege grillsesongar og svakt sal, såg sjansen for betre sal i det fine vêret, men tryggleiken må kome først. Det er vi alle tent med, seier Bartnes til avisa.

(©NPK)