Trafikkontroll i Sykkylven

Sjekka sikring av barn i bil

Nyhende

Politiet gjennomførte torsdag ein trafikkontroll ved skular og barnehagar i Sykkylven med særleg fokus på sikring av barn i bil, melder Politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Etter å ha kontrollert 39 førarar, vart to pålagt forenkla førelegg for manglande sikring av barn i bilen.