Omkopling av leidningsnettet i Hjellevegen tysdag

Abonnentar utan vatn

Nyhende

I morgon, tysdag, frå kl. 08.00 til 16.30 vert det omkopling av leidningsnettet i Hjellevegen. Det opplyser Stranda kommune.

Omkoplinga fører til at dei som bur i Hjellevegen, Skogadalen, Lundevegen, Kjølåsvegen, Skaugum, Hagekleiva og deler av Bygdavegen blir heilt utan vatn i perioden.

Det planlagde vedlikehaldsarbeidet kan føre til tilsmussing og misfarging på vatnet. I meldinga frå kommunen står det å lese at leidningsnettet blir klora under vedlikehaldsperioden, og at vatnet er trygt å drikke.