Verdsarvrådet:

Vil ha dialog med cruisenæringa om grøn skipsfart

Verdsarvrådet for Vestlandsk fjordlandskap ønskjer å få i stand dialogmøte mellom cruisenæringa, ruteoperatørar og norsk maritim industri om grøn teknologi og grøn skipsfart.

- Det som no skjer på miljøfronten i dei norske verdsarvfjordane også blir lagt merke til i Unesco, seier sekretariatsleiar for Verdsarvrådet for Vestlandsk fjordlandskap, Katrin Blomvik.   Foto: Hallvard Østrem / NPK

Nyhende

Det blei vedteke då Verdsarvrådet for Vestlandsk fjordlandskap nyleg drøfta korleis rådet skal følgja opp forslaget frå Sjøfartsdirektoratet om nye og strengare reglar om utslepp i verdsarvfjordane.