Meteorologane åtvarar:

Kraftig vind på veg mot kysten

Folk langs kysten av Hordaland og oppover til sør i Trøndelag vert oppfordra til å feste trampolinar og hagemøblar. Kraftige vindkast er på veg.

Kraftig vind er på veg mot Vestlandet. Her frå eit tidlegare uvêr på Nes på Karmøy.  Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Nyhende

Meteorologisk institutt opplyser at det som ventar befolkninga langs kysten, er sjeldan kost på denne årstida.

– Eit lågtrykk i Nord-Atlanteren vil onsdag flytte seg austover og utvikle seg til eit stormsenter. Natt til torsdag er det venta å bevege seg vidare mot Norskehavet og bli ytterlegare forsterka. Dette er eit kraftig lågtrykk for årstida, skriv Meteorologisk institutt i eit farevarsel.

Frå torsdag morgon er det venta det kraftig vind og vindkast på Vestlandet, i fjellet i Sør-Noreg og sør i Trøndelag. Vinden vert karakterisert å ha oransje nivå, noko som betyr at det er snakk om ein «alvorleg» situasjon, og folk vert bedne om å vere førebudde.

– Kastevindane er det som kan gjere mest skade. Folk må vere forsiktige og ikkje leggje ut på båttur eller fjelltur. Fjern lause gjenstandar, fest trampolina og tenk over om du bør ta inn hagemøblane. Tenk som du ville gjort om det var ein hauststorm på veg, seier meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt til Yr.

Langs vestlandskysten vil det komme opp i sterk kuling og full storm ved Stad frå torsdag morgon. Det er også venta sørleg opptil full storm i fjellet i Sør-Noreg, frå Jotunheimen og nordover.

– Torsdag ettermiddag dreier vinden på sørvest. Det er venta kraftige vindkast også i låglandet, frå torsdag ettermiddag 25–35 m/s. Sør for Stad og Dovre minkar vinden natt til fredag, opplyser meteorologane.

(©NPK)