Buss sperra vegen i Geiranger

Ein buss sperrar vegbanen ved Grande i Geiranger, og skaper trafikale problem på staden. Det er lange køar i begge retningar.  Foto: Anniken Westad

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Ein buss kilte onsdag ettermiddag seg fast ved Grande i Geiranger, og skapte kø på begge sider. Politiet opplyste på Twitter at bussen sperra vegbanen, og skapte difor trafikale problem.

Halv to onsdag ettermiddag vart vegen opna, og køa var då i ferd med å løyse seg opp. Det vart etter kva Sunnmøringen erfarer tinga bilberging.