Farevarsel frå Meteorologisk institutt

- Sikre alle lause gjenstander

  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Stranda kommune oppmodar alle om å sikre alle lause gjenstander som kan bli tatt av vinden.

Det er i dag sendt ut farevarsel frå Meteorologisk institutt. Frå torsdag ettermiddag er det venta kraftig vind frå sør, der ein kan forvente svært kraftige vindkast på 25 til 35 meter per sekund.

Dette tilsvarer full storm til orkan i kasta.

Vinden er venta å dreie torsdag kveld på vest, fredag morgon skal vinden minke.

- Det er høgsesong for båtar, hagemøblar og trampoliner, så ver obs og stormsikre alt som kan bli tatt av vinden, er oppmodinga frå Stranda kommune.