Tatt i promillekontroll

  Foto: Arkiv

Nyhende

To matrosar blåste over lovleg verdi i promillekontroll onsdag ettermiddag.

- Kaptein og ferjeselskap samarbeider med politiet i saka, og ferja går som normalt på strekninga, meldte Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twittermelding onsdag ettermiddag.

Ifølge NRK Møre og Romsdal, var promillekontrollen ombord på ferja mellom Geiranger og Hellesylt.

– Det stemmer at to av våre matrosar har blåst over 0,2 på promillekontroll. Dei var ikkje på vakt då dei vart testa, det var vaktskifte. Men dette er eit alvorleg brot på våre retningslinjer og dersom det stemmer at dei var berusa vil dei miste jobben, seier Rolf Andre Sandvik som er dagleg leiar i The Fjords til NRK.