Telenor:

Lovar fasttelefon til alle som vil ha

Nyhende

Sjølv om utfasinga av Telenors koparnett har starta, lovar telegiganten ei løysing for fasttelefon via fiber eller mobil til alle som ønsker det.

Tysdag skreiv Nettavisen at Telenor aktivt startar utfasinga av koparnettet, som blir brukt til fasttelefoni og xDSL-bredbånd.

Det betyr at rundt 15.000 kundar i løpet av 2018 og 2019 vil få flytta tenestene over frå 100 år gammal kopar til mobil- eller fibernett.

– Vi forstår at nokre av kundane reagerer på at det blir ei endring. Eg kan forsikre om at kundane no får meir påliteleg teknologi og at fasttelefonen vil bestå i ei meir moderne utgåve. Vi ønsker at overgangen skal skje så smidig som mogleg, og vi vil også ha dialog med kommunane der vi byter teknologi, seier Birgit Bjørnsen, leiar for breiband og fasttelefoni i Telenor Norge, i ei pressemelding onsdag.

Telenor understrekar at selskapet beheld infrastrukturen over kopar dersom det ikkje finst alternative teknologiar i eit område, eller der det er mest hensiktsmessig å halde oppe tilbodet over koparnettet.

(©NPK)