Marknadsfører "hemmelege" norske turistvegar i Nederland

Norangsdalen. Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Eit kart over "ukjente" turistvegar vert i år marknadsført i Nederland, opplyser Kongelig Norsk Automobilklub (KNA) i ei pressemelding.

Dette gjeld vegar som ikkje har status som nasjonale turistvegar, men som KNA meiner er verdt ein omveg. Blant desse er fylkesveg 655 Norangsdalen, frå Tryggestad og via Urke til Leknes.

Dette er ein av dei personlege favorittane til både generalsekretæren i KNA, Børre Skiaker, og Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Skiaker trekk og fram strekninga frå Grotli via Geiranger og til Trollstigen, samt vegen gjennom Lofoten, Vesterålen, Andøya, Senja og til Tromsø.

– I kartet har vi samla kjente og mindre kjente vegar i naturskjønne område. Her kan ein finne alternative ruter til riksvegane. Dei hemmelege turistvegane tar føre seg både enkeltstrekningar og område med vegar som har noko ekstra å by på, seier Skiaker i ein uttale.

Devold seier på si side at vi har stor plass i Noreg, samt eit veldig attraktivt reiselivsprodukt.

– Då gjeld det å marknadsføre og spreie trafikken til fleire flotte, men kanskje mindre kjente stader i Noreg, seier ho.

Devold trur marknadsføring av såkalla ukjente turistvegar, plassar og turmål vil slå an fordi utanlandske turistar gjerne vil oppleve noko unikt og urørt.

Kartet vert publisert gjennom den nederlandske turist- og bilistorganisasjonen ANWB som eit tradisjonelt kart på papir.


Bli med gjennom Norangsdalen

Bli med på biltur gjennom Norangsdalen frå Øye til Tryggestad ein nydeleg sommardag.