RV 15 over Strynefjellet

Stadfestar tunellarm til Geiranger

Ein heilårsveg til Geiranger har vore ønska i mange år, og ordførar Jan Ove Tryggestad har no fått stadfesta av samferdsleministeren at regjeringa vil gå for lang tunell over Strynefjellet med tunellarm til Geiranger istaden for Vegdirektoratet sitt framlegg om utviding av eksisterande tunellar. ILLUSTRASJON: GODE VEGAR 

Nyhende

Ordførar Jan Ove Tryggestad stadfester til Sunnmøringen at Stranda kommune si føretrukne løysing - lang tunell over Strynefjellet, B1-løysinga - er den løysinga regjeringa vil gå for.

- Dette er ein gledens dag for Stranda. Vi har fått stadfesta frå samferdsleminister Ketil Solvik Olsen at regjeringa vil gå for lang tunell over Strynefjellet. Denne løysinga inkluderer tunellarm til Geiranger, seier Tryggestad til Sunnmøringen søndag ettermiddag.