Søket avslutta

Nyhende

Politi på staden stadfester at søket i Storfjorden vert avslutta ved halvtolv-tida onsdag kveld.

Brann/redning og politi var onsdag kveld involvert i ein stor leiteaksjon i Storfjorden, etter melding om ein førarlaus vannscooter i Storfjorden.

Ein mann ringde ifølge Sunnmørsposten inn til politiet og melde ifrå at han hadde falt av vannscooteren. Det er sannsynleggjort at mannen kan knyttast til den førarlause vannscooteren.

Onsdag kveld var politi og brann/redning involvert i ein leitaksjon i Storfjorden.

- Vi søker frå Gravaneset til grensa mot Stordal i Storfjorden etter at vi fekk melding om ein førarlaus vannskuter i fjorden tidlegare i kveld, fortel brannsjef Inge Teigen til Sunnmøringen rett før klokka elleve onsdag kveld.

Søket vart føretatt både med helikopter og med båt.

Stranda tettstad var under søket avsperra med redningsbil ved Pitingsbygget, rett utanfor Sunnmøringen.

Ferjesambandet Stranda - Liabygda var innstilt ein periode, men sambandet er no i drift igjen.