Flakk presenterte hotellplaner i Sunnylven

75 rom basert rundt naturopplevingar

- Det mest spennande prosjektet i mi tid som ordførar, sa ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp). 

Nyhende

Planane til Flakk-gruppen rundt nytt hotell på Hellesylt, vart tatt imot med ståande applaus av eit fullsett Sunnylven samfunnshus torsdag ettermiddag.

Knut Flakk hadde invitert til folkemøte om hotellplanane, som i førekant hadde skapt debatt - spesielt kva gjaldt punktet om riving av Grand hotel.

Motstemmene var få på samfunnshuset då planane om 75 rom med natur- og kulturopplevingar som sentralt salsargument vart presentert.

- Noko midt mellom ordinært hotell og DNT-hytte, sa Flakk og la vekt på at hotellet skal vere ein integrert del av lokalsamfunnet og utnytte tilbodet som ligg i naturen omkring.

Det såkalla Basecamp hotel Hellesylt vil vere det første i sitt slag.

Arkitektar frå Snøhetta er involvert i prosjektet, og har henta inspirasjon frå den klassiske gamme-formen. Byggematerialet vil vere i tre.

- Vi har henta inspirasjon frå landskapet rundt, og ser bygning og natur saman, fortalde arkitekt Margrete Lund.

Hotellet er planlagd å  strekkje seg over heile tomta frå Hellesyltfossen til småbåthamna, og vil på framre del gå over to etasjar med kurs/konferansesenter. Hotelldelen vil vere i bakre del, over fem etasjar.

I planane ligg butikk, eiga båtplass, lagerlokale/verkstad og utandørs overnatting - mellom anna.

På spørsmål frå salen om når hotellet kan stå ferdig, antyda Flakk at det kan bli byggestart neste år.

- Men det kjem an på ei rekkje faktorar, presiserte han. Mellom anna skal planane no gjennom ein prosess i kommunen med omsyn til regulering.

- Kanskje kan hotellet stå ferdig om to til tre år, meinte Flakk.