Grensejustering

Ingen grensejustering Liabygda eller Eidsdal/Norddal

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Departementet har hatt saka om grensejustering for Liabygda og grendelaga Norddal/Eidsdal inne til handsaming etter at Fylkesmannen tidlegare i vår leverte si tilråding til endeleg avgjerd i departementet.

Tidlegare i dag vart det klart at Bjørke som no ligg i Ørsta framover vil bli ein del av Nye Volda.

Fylkesmannen tilrådde at Liabygda fortsatt skulle vere ein del av Stranda kommune, og at grendelaga Norddal/Eidsdal i Norddal kommune skulle bli ein del av Stranda kommune.

Norddal/Eidsdal fortset altså i Norddal kommune, og Stranda kommune beheld Liabygda.

- I saka om kommunereforma har det vore mykje skrik men lite ull, kjem det tørt frå ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) - som dei fleste bør vite òg er saudebonde.