Ryddedugnad i sommar

Inviterer til strandrydding

Sunnmøre Friluftsråd oppmodar strandarane til å vere med på ryddedugnad av strendene i sommar.

Elevar ved Ringstad skule var i mai engasjerte i ryddeaksjonen "Heile Noreg rydder". No oppmodar Sunnmøre Friluftsråd alle til å vere med på strandrydde-dugnad i sommar, i samarbeid med lokale reinhaldsverk og servicekontor i kommunane på Sunnmøre.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Denne våren har mellom anna NRK sett søkelys på marin forsøpling, og då i første rekkje plast.

- Frivillig innsats er avgjerande i kampen for ein reinare kyst og mange enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar har gjort og gjer ein viktig ryddejobb, skriv Sunnmøre Friluftsråd i ei pressemelding.

Sunnmøre Friluftsråd oppmodar no alle om å ta i eit tak for ein reinare kyst, og samarbeider med reinhaldsverka på Sunnmøre og dei lokale servicekontora  i kommunane.

- Dei lokale miljøstasjonane (til dømes Kjølen og Bingsa red. anm) tek gratis imot Hold Norge Rent-sekkar med eigarlaust marint avfall. For å levere gratis, treng du ein aksjonskode som du får ved å opprette ein ryddeaksjon på Hold Norge Rent si nettside. Hugs å knytte aksjonen til Sunnmøre Friluftsråd så vi kan følge med på kor mykje som vert rydda i sommar, skriv Friluftsrådet vidare.

Gratis hanskar og sekkar kan du i sommar hente på servicekontoret til Stranda kommune, som ligg på Øyna.