Kommunalt næringsfond 2018

Samrøystes om tildelingane

Formannskapet signaliserte måndag med tildelingane at dei vil vere strenge mot søknader som ikkje held seg til vedtektene i næringsfondet.

Fekk støtte: Arne Nikolai Blindheim (t.v.) og Henrik Halvorsen Bjørdal eig høvesvis 40 og 60 prosent i bilverkstaden Automek som er ein del av BilXtra-kjeda. Måndag fekk dei tildelt 143.000 frå kommunalt næringsfond etter samrøystes vedtak i formannskapet. arkivfoto: anniken Westad  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Innskjerpinga gjer at det blir stilt strengare krav til eigenkapital – femti prosent av søknadssummen – og avgrensa oppover til 150.000 kroner.

Eigenfinansiering

– Vi burde vere steintøffe på å prioritere prosjekt som har eigenfinansiering og som syter for nyskaping og utvikling med utløysande effekt for prosjektet, meinte Frank Sve (Frp).