Førsteinntaket på vidaregåande skule gjort av fylket

Ventelister på fleire fag

Førsteinntaket på vidaregåande skule er klart frå fylket. Fylkesutdanningssjefen fortel om ventelister på fleire vg1-fag, deriblant helse- og omsorg. Stranda vidaregåande skule er blant skulene som har dette tilbodet. arkivfoto  Foto: Hege Bjørkedal

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i ei pressemelding at det no er ventelister på fleire vg1-tilbod, deriblant naturbruk, helse- og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon.

Førsteinntaket til vidaregåande utdanning viser at 9.477 søkarar har fått tilbod om plass ved dei vidaregåande skulene i fylket.

I førsteinntaket er det nesten utelukkande søkjarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for å ta imot skuleplassen er sett til 13. juli.

Det er 141 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på vg1, som er om lag det same talet som i fjor.

- Av røynsle veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir køyrd rundt 7. august. Vi vil passe på at alle med ungdomsrett får skuleplass til skulestart. Andre søkjarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått skuleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

742 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass, noko som er 184 fleire enn i 2017.