Tørke gjer formangel i Sør-Noreg

– Ver med og bidra

Møre og Romsdal bondelag ber lokale bønder vere med å bidra til å løyse forkrisa i Sør-Noreg.

Norangsdalen. Ku som beite.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Bønder over heile Sør-Noreg melder om særs dårlege avlingar frå førsteslåtten, nokre stader berre halvparten av ordinær slått. Spesielt Austlandet er hardt råka av den langvarige tørken, som er verre enn på fleire tiår.

Situasjonen er ikkje betre i Nord-Europa, så det er lite grovfor å få kjøpt. Fleire storfebønder har meldt dyr til slakt grunna forkrisa.