Alle inn på idrettsfag

Like stor: Assisterande rektor, Birger Johan Bjørdal. 

Nyhende

Alle søkjarar til idrettsfag vg1 ved Stranda vg. skule, får plass.

– Det tyder nok at nokre forsvinn frå studiespesialisering vg1, seier assisterande rektor Birger Johan Bjørdal ved Stranda vg. skule. Søkjarane har frist på seg til torsdag å svare om ein tek plassen ein er tilbydd. Totalt blir det ca. ti som kjem inn på studiespesialisering og rundt 38 på vg1, idrett. Han meiner oppsvinget i idrettsfaget syner at skulen har gjort mykje riktig på det området, men ulempa er at det blir færre på studiespesialiseringa. Det blir ei klasse i Helse- og oppvekst, men det blir ikkje vg1-tilbod korkje på Restaurant- og matfag eller teknikk og industriell produksjon.

– Nedgangen i restaurant- og matfag er ein nasjonal trend, men vi forstår ikkje heilt kvifor, seier den assisterande rektoren. Talet på elevar på skulen blir om lag som i fjor.