Tek ikkje ekstragebyr

Legekontoret i Stranda nyttar ikkje den omstridde taksten som har skapt mykje støy i Sykkylven.

Einingsleiar: Josefine Gjerde er einingsleiar i Stranda kommune.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Det private legekontoret i nabokommunen krev 59 kroner når små barn blir undersøkt. Sentrale avtalar går ut på at barn under 16 år i prinsippet ikkje skal betale eigendel hos legen.

Legekontoret i Sykkylven støttar seg til taksten for «utgifter ved forsendelsen og henvisninger etter pasientens ønske». Sykkylven kommune er usamd i at ein skal nytte dette gebyret, men det private legekontoret står på sitt, og meiner ein har støtte frå legeforeininga.

– Eg veit at legetenester i einskilde kommunar nyttar dette gebyret, men vi har ikkje gjort det, seier einingsleiar Josefine Gjerde i Stranda kommune til Sunnmøringen.