Norsk forsking

Elbilar med 1.000 km rekkjevidd

Norske forskarar har knekt ein kode som kan gje elbilar, mobiltelefonar, nettbrett og annan teknologi mykje høgare batterikapasitet enn i dag.

Rekkjevidd Norsk teknologi kan i framtida gje el-bilar lengre rekkjevidd.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Du kan seia at vi har funne X-faktoren vi har leitt etter. Dette har eit heilt enormt potensial og er noko forskarar over heile verda prøver å få til, seier forskingsdirektør Arve Holt ved Institutt for energiteknikk i ei pressemelding.

Teknologien som forskarane ved instituttet på Kjeller har kome fram til blir brukt i litium-ionbatteri, som er batteria som blir brukt i elbilar, mobiltelefonar, nettbrett, berbare PC-ar og det meste anna vi omgjev oss med av teknologi i kvardagen.

Det kan bidra til at vi mellom anna får elbilar med 1.000 kilometers rekkjevidd og mobiltelefonar som ikkje treng å ladast på fleire dagar.

Kan gje fem gonger høgare kapasitet

Forskarane har i fleire år undersøkt moglegheitene for å bruka silisium i batteri, i staden for grafitt som blir brukt i dag. Reint silisium har i teorien ti gonger høgare kapasitet enn grafitt, men misser også kapasitet raskare.

No har likevel forskarane kome opp med ei silisiumblanding som gjer at kapasiteten held seg stabilt høg over tid, sjølv om kapasiteten blir noko lågare enn med reint silisium. Batteri med den nye silisiumblandinga får likevel tre til fem gonger høgare kapasitet enn batteria ein har dag, ifølgje forskarane.

Skal testast hos selskap

Teknologien skal no testast saman med fleire norske og internasjonale selskap, i samarbeid med Kjeller Innovasjon som arbeider med å kommersialisera forskingsresultata. Dei har også fått støtte frå Forskingsrådet til prosjektet. I tillegg blir det arbeidd med å patentera nanoteknologien.

– Vi har testa at det fungerer i lab-skala med gode resultat. No som vi har fått støtte av Forskingsrådet i FORNY2020-programmet skal vi testa det vidare saman med internasjonale industripartnarar og sjå om det fungerer i dei industrielle prosessane deira. Prosjektet som skal satsa på å få det nye materialet til marknaden har vi kalla SiliconX, og det blir svært spennande å få arbeida mot så store mål saman med Kjeller Innovasjon, seier Marte O. Skare, som er ein av forskarane i prosjektet.

(©NPK)


Bildetekst tbf82ce4:

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK