Dropper miljøkrav?

Ferjene ute på anbod

Ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda er no ute på anbod.
Nyhende

Den noverande kontrakten går ut 31. desember 2019, og ny kontrakt vil gjelde frå årsskiftet 2020 fram til 31. desember 2033 fortel Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Droppe miljøkrav

Ilføgje NRK Møre og Romsdal  kan Fylkeskommunen opne for å droppe miljøkrava når de skal velje kven som skal få drive dei fire ferjesamband. I anbodskonkurransen som vart lyst ut i går, er det lagt opp til to prisalternativ – eitt med krav om miljøferjer og eitt utan. Fylkeskommunens økonomi er svært pressa. Dette vil synleggjere prisforskjellen, seier fylkesordførar Jon Aasen til NRK. Men han trur forskjellen må være store dersom miljøkravene skal legges til side.

Oppruste kai

Kaianlegget på Eidsdal-Linge skal rustast opp, slik at sambandet kan køyre større ferjer. Nytt kaianlegg er planlagd fullført til 2024.

Økonomien til fylket er pressa, og samferdslesjef Arild Fugleseth fortel at det er svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover om fylket skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta.

Anbodsfristen er sett til 24. september.