Fylkesmannen åtvarar

Mykje ulovleg fiske

Statens naturoppsyn vil følge strengare opp brot på reglar om fiske etter laks og sjøaure.

Fredning Forbod innan sone i Sykkylven  Foto: Fylkesmannen

Sjøaure Det er registrert mange lovbrot i fiske etter sjøaure. 

Nyhende

Fylkesmannen ser behov for å minne om reglane for fiske etter laks og sjøaure i munningsfredingssonene, etter at Statens naturoppsyn har registrert mykje ulovleg aktivitet i dei ulike kommunane.

- Vi presiserer at det er fiskaren sitt ansvar å oppdatere seg på gjeldande regelverk, heiter det i ei pressemelding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Forskrifta for Møre og Romsdal vart endra 8. mai 2017, og alt fiske etter laks og sjøaure frå båt i munningsfredingssonen er etter dette forbode i tida frå og med 15. april til og med 30. september.


Genbankar skal bevare laksefiskbestanden i Hardanger

Tilstanden for ville laksefiskbestandar i Hardanger, er så dårleg at det er nødvendig å sikre dei i genbank, seier miljøminister Ola Elvestuen (V).

 

Ulovleg med dorg

- Likeins er alt fiske med kastenot, snurpenot, drivgarn, settegarn og liknande reiskap, kilenot, krokgarn, botngarn, lakseverp og liknande innretning, samt oter og dorg forbode i fredingssona i same tidsrom. Dorg er fiske frå båt i rørsle med handsnøre og fiskestong med reiskap som eignar seg for å fiske laks og sjøaure.

Forbodet i munningsfredingssona gjeld ikkje fiske med stang frå land i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i elver som har utløp i fredingssona. I soner som omfattar fleire vassdrag følger fisketida med stang frå land fisketida for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget i forskrift. Eksempel frå Sykkylvsfjorden: Her er det i ifølge forskrifta, Ikorneselva og Riksheimelva som har det strengaste regulerte vassdrag, noko som betyr at fiske med stang frå land er lovleg i tidsrommet 15.06. – 15.07.

Meir kontroll

Statens naturoppsyn vil følge opp aktiviteten med oppsyn og kontroll både frå land og frå sjø. Ulovleg fiske vil bli politianmeldt.

Fredingssonene finn de på karta under. Under finn du kart over dei ulike munningsfredsningssonane kommunevis.