Laks i Strandaelva

-Må ta vare på kultiveringsarbeidet

Strandaelva er ei av dei mest sosiale lakseelvane i landet. Bortsett frå eit par hundre meter som er bortleigd, er elva open for alle.

Tilgjengeleg: Fleire av dei gode laksehølene er lett tilgengelege ved Stranda sentrum. Her var det Ole Jørgen Sve fekk rekordlaksen sist veke.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

I motsetnad til elvar der berre rikingar slepp til, kan kvar og ein for ein rimeleg penge kjøpe seg fiskekort i alle dei 12 sonene vi har langs Strandaelva. Det blir selt opp mot tusen fiskekort her i løpet av sesongen, seier leiaren i elveeigarlaget, Ole Jørgen Sve til Sunnmøringen. Han har meir enn 20 år bak seg som leiar i elveeigarlaget, og sosial profil på fisket har vore viktig for han. Mange stader blir fiskekorta utselt etter kort tid lenge før sesongen. I Strandaelva får ein kjøpt kort inntil tre dagar før ein skal fiske.

Sjølv fekk han nyleg løn for timar ved elva då han fekk ein 19,4 kilo stor laks ved Laksehølen like ved sentrum. Dette skal vere rekord under ordinært fiske i elva.