Kåring av turruter

Skal Skageflå bli Norges beste?

Den merka turen til Skageflå er ein av sju turruter i Møre og Romsdal som er nominert til «Norges beste turrute».

Sonja Dronning Sonja likar Skageflå.  Foto: Arkiv

Kongeparet valde Skageflå då dei ville vise europas kongehus norsk natur.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Du kan røyste på den beste turruta, og den med flest røyster frå Møre og Romsdal hamnar i skarp konkurranse med turstiar frå andre fylke. Adressa er: www.turrute.no

De fire siste årene har Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunar over hele landet investert 100 millionar kroner og merket 40.000 kilometer turstiar i nærområdet der folk bor. Møre og Romsdal har sju ruter blant de 100 finalistane når Norges beste turrute nå skal kåres.

Spleiselag for folkehelse

Et av tidenes mest omfattande spleiselag for ein betre folkehelse går straks i mål. Ambisjonen har vore å gjere det enklare for alle i Møre og Romsdal å gå på tur i nærområdet sitt. I årene 2014 til 2017 er det på landsbasis laget 63.900 unike turskilt og 7300 informasjonstavler, nær 100.000 frivillige arbeidstimar har gått med til å montere skilta, og det er søkt om over 10.300 grunneigarløyve til å skilte og merke turruter over norsk natur.  offentleg og privat eigedom. Svarar til avstanden rundt ekvator.


Lågterskeltilbod

– I denne perioden er det merka nye og eksisterande turruter i alle landets fylke og i 85 prosent landets kommunar. Den samla distansen med merka ruter svarar til avstanden rundt ekvator. Målet har vore å etablere et lågterskeltilbod, og å gjere det enda enklare for folk å komme seg ut på tur der de bor. Ein må ikkje nødvendigvis opp på vidda for å gå på tur, nå ventar naturopplevelser til fots, på sykkel og også i kajakk berre 250–500 meter frå bustadområde over hele landet, seier prosjektleiar for Turskiltprosjektet Bjørn-Egil Hansen i Gjensidigestiftelsen.

Sterke kandidatar

Møre og Romsdal har sju turruter som er nominert, og blant disse finn vi Rampestreken turrute, Skageflå, Svinvikrunden (Todalen), Digergubben via Midsundtrappa og altså Skageflå (Geiranger).


Røyste på favoritt

– Sjølv om vi synest dette er praktfulle turruter mange har stor glede av, betyr ikkje det at vi kjem til å ende opp med sigeren. Derfor er det viktig at turentusiastar og lokalpatriotar nå stemmer fram sin favoritt blant våre kandidatar slik at fylket vårt har et best mogleg utgangspunkt når landsfinalen går av stabelen, seier Petter Ervik Jenset som er kontaktperson for Turskiltprosjektet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Mogleg å stemme fram til 31. august

Det er lagt veldig godt til rette for å sørge for at folks favorittstiar enkelt får mange stemmer. Det ligg bilete av og opplysningar om alle de 100 nominerte turstiane frå hele landet på www.turrute.no. Her kan alle som vil gå inn og stemme på sin favorittrute.

– Det er ikkje mogleg å gi frå seg meir enn éin stemme til kvar turrute, men det er fullt mogleg å stemme på fleire ruter, seier Hansen. Avstemmingen stenger 31. august, og det kåres da fylkesvinnarar. Disse går vidare til ein landsfinale og Norges beste turrute kåres under Stikonferansen i Bergen 2019. Vinnaren vil i tillegg til heider og ære ta imot ein premie på 25.000 kroner og ein plakett, seier Hansen. 

Merking gir økt bruk av turstiar

En rapport utført av Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), viser at det å merke allereie eksisterande turstiar fører til fleire nye bruker av stiane. Eksempelvis viser teljingar at ferdselen langs tre studerte stiar i Brummundal auka med 50 prosent etter at skilta blei sett opp. I Vestby var den tilsvarande auken langs de fire stiane som blei studert der på 20 prosent.

Tippemiddel

– Turskiltprosjektet har vore et økonomisk samarbeid mellom Gjensidigestiftelsen og alle fylkeskommunane i landet som har delt på kostnadene i dette prosjektet. Etter ein siste tildeling i 2017 vidareførast prosjektet i ein permanent tilskuddsordning gjennom Tippemidlene, seier Hansen.